Kurs: Sølv, smykke, design, filigran, kniv, smiing, sliping, sandstøyping
Raulandsakademiet
6 dager Deltid Kurs Norsk Klasserom
   Påmeldingsskjema Kontakt oss


Det er fleire kurs å velje mellom i 2022.

Her kjem nokre forslag.

Fyll ut skjemaet og vi sender deg informasjon.

Kursa foregår på dagtid.

 

Filigran grunnkurs 1 - halsring: 6 dagar, 27.6-3.7

Filigran grunnkurs 2 - beltespenne: 6 dagar, 4.-10.7

Kniv grunnkurs - veke 39: 3 dagar, 29.9-2.10 

Kniv grunnkurs - veke 41: 3 dagar, 13.-16.10 

Sandstøyping av metall, innføringskurs: 3 dagar, 13.-16.10 

Sliping av knivar: 3 dagar, 25.-28.7  

Sliping med Tormek slipemaskin: 3 dagar, 28.-31.7

Smiing, grunnkurs - veke 39: 3 dagar, 29.9-2.10 

Smiing, grunnkurs - veke 43: 3 dagar, 27.-30.10 

Staskniv til bunad - veke 26: 6 dagar, 27.6-3.7 

Staskniv til bunad - veke 27: 6 dagar, 4.-10.7 

Sølv, design av smykke: 6 dagar, 11.-17.7 

Sølv, grunnkurs: 6 dagar, 18.-24.07

 

For meir informasjon om kursa og påmelding: Kurs - Raulandsakademiet (visitrauland.com)

 

Stedsbeskrivelse

Raulandsakademiet ligg på Rauland i Telemark fylke, ca. 700 meter over havet og i kanten av Hardangervidda. Du kan bestille overnatting og mat på Raulandsakademiet når du går på kurs. Vi har ca. 100 senger og har ope heile året. På Raulandsakademiet kan du ta høgare utdanning i folkemusikk, tekstil, tre og metall, bachelor-og masterutdanning ved Institutt for tradisjonskunst, Universitetet i Sør-Øst Norge, Campus Rauland: https://www.usn.no/usn/no/sok/?q=studiested+rauland

Forkunnskaper

Du treng ingen særskilde forkunnskaper for å bli med på kurs. Kursa er opne for nybyrjarar og dei som har ein del erfaring med emnet frå før.

Varighet

Dei fleste kursa varer 6 dagar og går på dagtid. Det blir arrangert kurs om sommaren og om hausten. Undervisning kl. 08-16. Verkstadene er opne til kl. 22 om kvelden, slik at du kan nytte dagane fullt ut.

Studiepoeng

Du får ingen studiepoeng på desse kursa. Men du får mykje lærdom frå erfarne instruktørar, du blir kjend med andre som er interessert i deg same som deg, du får oppleve gleda ved å lære noko nytt og du får oppleve gleda ved å gjera noko med hendene/drive med handverk. I tillegg får du besøke dei andre kursa som går samstundes, museumsbesøk om ettermiddagen og foredrag om kvelden. Det er alltid hyggeleg å vera på Raulandsakademiet. Ynskjer du høgare utdanning i handverk eller folkemusikk? Sjå https://www.usn.no/usn/no/sok/?q=studiested+rauland

Målgruppe

Kursa på Raulandsakademiet er opne for alle over 14 år og blir arrangert i samarbeid med Rauland Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.

Les mer om Raulandsakademiet

Se flere kurs fra Raulandsakademiet (4)

6 Kurs i Håndverkskurs

  Kontakt oss

Våre kurs (5)

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato,

6 dager
Kurs for deg som er interessert i rosemåling, kalligrafi, skrivekurs, slektsgransking, kveding, takkebakst m.m.
6 dager
Kurs for deg som vil lære meir om arbeid i sølv og metall: Sølvarbeid, filigran, gravering, smiing, sandstøyping, knivkurs, sliping av verktøy.
6 dager
Kurs for alle tekstilinteresserte: Saum, redesign, bunad, beltestakk, maskinstrikking, brodering, filting, vikingdrakter, garnfarging, vev, skinnfell m.m.
6 dager
Kurs for deg som ynskjer å lære meir om arbeid i tre.
6 dager
Kurs for deg som vil lære å veve: Grunnkurs og kurs for vidarekomne, vev med frie mønstringer, brikkevev, bunadsband, biletvev