Vil du oppleve spenninga og intensiteten på sandvolleybana - under varm sydensol? Vil du kjenne blodsmaken når du forserar ein bakke på terrengsykkelen, og oppleve gleda da du greidde det?
Hos oss handlar det om gleda over å vere i bevegelse, allsidig læring, sunn konkurranse, eigenutvikling og vennskap.Og ikkje minst innsikt og fordjuping i det du likar best - idrett!
Vi er i bakken og på topptur med telemarkski i herlig pudder. I havkajakken på Sognefjorden i kuling eller speigelblankt vatn.
Lukk augene - du er på friidrettsbana, kan du sjå for deg spydet som flyt i lufta etter eit perfekt og kraftfullt utkast, kjenn den gode følelsen!
Trur du at ein dag på hesteryggen i frisk fjelluft kan gje deg nye opplevingar?
Ja - det trur vi også!
Som elev ved idrettslinja får du til dømes også prøve; fotball, badminton, kampsport, rifle- og bogeskyting, massasje, klatring og brevandring.
På våren dreg vi på 7-10 dagar treningsleir i utlandet. Då fordjupar vi oss i sommar- eller vinteraktivitetar.
I Sogndal ligg Fosshaugane Campus, som er eit senter med eit av dei største idrettsfaglege miljø i landet, og Sognahallen på 10.000 kvadratmeter har t.d. innandørs fotballbane, ein av norges største klatrevegger og løpebane for sprint.
Velkommen til allsidig, glad og utfordrande idrett!
Les mer om Sogndal folkehøgskule
Se flere kurs fra Sogndal folkehøgskule (4)
Kontakt oss