Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Dette kurset har ingen fremtidige kursdato(er) oppført. Bruk skjemaet for å kontakte kursholderen for mer informasjon.
Landbruksøkonomi og leiing
- bli mei profesjonell i rolla som bedriftsleiar
Ramevilkåra endrar seg raskt i norsk landbruk - og bonden si rolle som driftleiar blir viktigare og viktigare.
HLB tilbyr difor eit økonomistudium målretta mot alle som har sitt virke innan landbruk og bygdenæringar. Målet er å gjera studentane profesjonelle i rolla som bedriftsleiarar. Her får ein læra å kartleggja ressursane i ei bedrift, anten det er ein gard eller ein annan organisasjon.
Studiet passar godt t.d. for bønder som ønskjer å utvikla alternative driftsopplegg, eller som ser for seg ein yrkesaktiv periode etter at dei har gitt frå seg garden. Men sjølvsagt og for dei som har, eller ønskjer seg arbeid innan rekneskapsføring/rådgjeving m.m.
Hausten 2008 tek vi sikte på å starte opp ei økonomiklasse på Austlandet. Stad er ennå ikkje bestemt, men interesserte frå denne delen av landet bør ta kontakt snarast råd, slik at vi kan ta omsyn til dette i den vidare planlegginga.
Hovudemna i studiet er rekneskapsforståing, rettslære, bedriftsøkonomisk analyse, landbruksøkonomi , driftsleiing, investering/finansiering og internasjonalisering.
Mål for studiet er å gjere studentane meir profesjonelle i rolla som bedriftsleiarar. Noko som m.a. inneber:
- å utvikle kunnskap om korleis ein kan setje seg mål for ei optimalisering av drifta ut frå fysiske og menneskelege ressursar, og på denne måten medverke til god dagleg styring av verksemda
- å utvikle kunnskap om økonomiske, politiske og juridiske rammevilkår for drifta, nasjonalt og internasjonalt
- å utvikle kunnskap om verknader av investeringar slik at ein i størst mogleg grad gjer dei rette investeringane i rett tid
- å utvikle ei medviten haldning til bruken av rekneskap og rådgjevingstenester på ein god og kostnadseffektiv måte.
Studiet er samlings- og nettbasert. Det vert omlag ei samling á to dagar pr. månad frå oktober til mars/april. Mellom samlingane vert det nettbasert oppfølgjing via plattforma "it's learning".
For opptak til studiet krevst generell studiekompetanse, men det kan og søkjast om opptak med bakgrunn i realkompetanse
2 år
60
Les mer om Høgskulen Landbruk og Bygdenæringer
Påmeldingsskjema Kontakt oss