Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Uke | Startdato | Sluttdato | Frist | Sted | Språk | |
---|---|---|---|---|---|---|
På forespørsel | - | - | Sogn og Fjordane | Norsk |
Uke: |
Startdato: På forespørsel |
Sluttdato: - |
Frist: - |
Sted: Sogn og Fjordane |
Sted: Sogn og Fjordane |
Språk: Norsk |
Trykk her for mer info |
Lukk |
Vi har plass til alle typar studentar. Nærmare 1000 har gått på førsteårslinja vår sidan oppstarten, og vi har etter kvart fått lang og god erfaring med hesteglade ungdomar. Vi var ein av dei første med å tilby hestefag, og har i dag den kanskje mest omfattande og veldrivne linja som finst i landet. Ved fullført 1. og 2.år Hest på Fjordane kan du, dersom du planlegg å ta fagbrev i Hestefag, få redusert læretida med 1 år (1760 timar).
Allsidig undervisning av erfarne og kompetente lærarar
Vi stiller med 6 dyktige og allsidige hestelærarar tilsatt på fulltid. Desse har høg kompetanse og erfaring i å undervise i hest i ulike disiplinar og fleire er aktive enten som utøvarar eller som oppdrettarar av hest, fleire med premieringar. Om du er nybegynner eller vidarekommen, vil du få eit undervisningsopplegg som er tilpassa ditt nivå.
Du vil få undervisning i dressurriding, sprangriding og køyring i tillegg til avlslære, ernæring, anatomi, fysiologi, sjukdomslære, hovpleie, ride og køyreteori, voltige, samakarlære og handikapriding. Det blir òg praktisk arbeid i stall og med hesten. Vi legg til rette undervisning for studentar med ulike handikap.
Svært gode lokalitetar
Storparten av undervisninga går føre seg på Norsk Fjordhestsenter. Senteret ligg i gangavstand frå skulen, og er eitt av tre statlege hestesenter. I dag består senteret av 2 ridehallar à 20 x 40 m, flombelyst ride- og køyrebane på 40 x 80 m og om lag 50 stallplassar fordelt på 30 spiltau og 20 boksar.
I tillegg har vi tilgang på treningsbane for trav. Det er høve til å leige seg plass til sin eigen hest, som også kan nyttast i undervisninga etter avtale med lærar. Har du ikkje med hest, vil du få din ”eigen” passhest som vi vere ”kompisen” og ”kollegaen” din gjennom året. Saman med studentane på 2. års hestelinja, arrangerer studentane eit digert avslutningsshow for bygda.
Det er eit aktivt hestemiljø på Nordfjordeid og det blir arrangert ein del kurs som du vil få tilbod om å vere med på for eks. "grønt kort".
Praksis
Praksis omfattar alt praktisk arbeid med hestane, korrekt bruk av forskjellig utstyr til riding og køyring, samt vedlikehald av dette. Enkel skadeførebygging/ -behandling, bandagering, mønstring, klargjering til stevne/utstilling, longering og laushopping.
Dressurriding
Undervisninga er tilpassa kvar enkelt elev sitt kunnskapsnivå, men tek utgangspunkt i krava til dei lavaste konkurranseklassane. Enkeltøvingar, som sideførande øvingar og kontragalopp, vert undervist i.
Sprangriding
Undervisninga er tilpassa kvar enkelt elev sitt kunnskapsnivå, men tek utgangspunkt i krava til dei lavaste konkurranseklassane. Undervisninga omfattar ulike typer gymnastikkhopping, temporiding, anriding, hindertyper og baneriding.
Terapiriding/Handikapriding
Elevane er hjelparar ved organisert terapiriding, der deltakarar med ulike psykiske og fysiske handicap frå heile Nordfjord deltek.
Køyring
Undervisninga omfattar generell innføring i køyring, samt ulike former for konkurransekøyring og skogskøyring.
Ride-/Køyreteori
Undervisninga omfattar prinsippa for klassisk ride- og køyreteori, samt gjeldande konkurransereglement. Ein vil få god bruk for begge delar i den praktiske undervisninga - på ride- og køyretimane.
Oppvisningsriding
Elevane får innføring i voltige, kvadrilje og elles generell showriding. Målet er eit avslutningsshow i mai.
Salmakarlære
I løpet av skuleåret får elevane ei generell innføring i salmakarfaget. Målet er at elevane skal kunne reparere sitt eige utstyr. Ein syr til dømes eit leietau, og er ein spesielt interessert kan ein ha salmakarlære som valfag i tillegg.
Beslaglære
I løpet av skuleåret får elevane innføring i generell beslaglære. Målet er at elevane skal kunne ta av og slå på ein hestesko.
Avlslære
Undervisninga gjev ei kort innføring i elementær genetikk og generell avlslære, samt brunst/brunstkontroll, bedekning og følling.
Ernæring
Undervisninga gjev ei innføring i hesten sitt meltingssystem, ulike næringsstoff og fôrmidlar, oppsett av fôrplanar, samt bruk av dataprogrammet "Fôrplan".
Anatomi, fysiologi og sjukdomslære
Undervisninga gjev ei innføring i hesten sin anatomi, ytrelære og fysiologi, med spesiell vekt på skjelettet, sanseorgan og reproduksjon. Vidare vert spesielle sjukdomstilstandar, samt førebyggande og helbredande tiltak i samband med fôring, feilbruk og reproduksjon omtala.
Turar
Tur til Hingstekåringa i Herning (DK) som er eit av verdas største hestearrangement og hestemesse med over 53.000 besøkjande.
Les mer om Fjordane Folkehøgskule
Påmeldingsskjema Kontakt oss