Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Uke | Startdato | Sluttdato | Frist | Sted | Språk | |
---|---|---|---|---|---|---|
På forespørsel | - | - | Gol, Buskerud | Norsk |
Uke: |
Startdato: På forespørsel |
Sluttdato: - |
Frist: - |
Sted: Gol, Buskerud |
Sted: Gol, Buskerud |
Språk: Norsk |
Trykk her for mer info |
Lukk |
med armar og bein
med ball
i vatn og på vatn
på ski og brett
med musikk
opp-ned
med tau
med kvarandre
med SNØ
... i skogen, på fjellet,
i hallen, på banen, i skibakken.
Drøymer du om mange flotte skidagar?
I vinterhalvåret er allsidig ski-aktivitet vektlagt. Undervising vil vi gje i telemark-, alpint, brett-køyring og langrenn. Vi har til dømes eiga lineveke med køyring i ulike anlegg.
Ønskjer du å få nye erfaringar?
Ut gjennom året driv vi med aktivitetar som klatring, orientering, kanopadling, ulike ball-aktivitetar, symjing, stuping/ trampoline, trampett, dans, ski-aktivitet for funksjonshemma (Riddarveka på Beitostølen), fjellturar og liknande.
Kva med ein utanlandstur?
Vi dreg på "treningsleir"til Kanariøyane eller Spania utpå hausten!
Utstyr.
Her fylgjer ei liste over utstyr du treng på idrettslina:
idrettstøy/-sko for inne-/utebruk lue, vottar, ullsokkar
badetøy bukse til turbruk
ryggsekk kopp, tallerken, bestikk
sovepose (varm nok også til vinterbruk?) og liggjeunderlag kompass
fjellstøvlar el.liknande termos
regntøy sykkel (om du har)
anorakk, vindtett med hette fjelltelt (om du har)
tjukk genser, varmt undertøy
NB!! Du treng pass når me skal til Lanzarote i november!
Til bruk i vintersesongen:
TELEMARKSKI eller SNOWBOARD!!
langrennski
snøspade (om du har)
skøyter (om du har)
NB. Er du i tvil om kva du treng, til dømes av friluftslivutstyr og ski?
Vent til du kjem hit - me kan gje deg råd på vegen, og me har avtalar med sportsbutikkar
som gjev gode rabattar!
Økonomi.
På idrettslina reiser me ein god del. Til dette reknar me med ei utgift på
kr. 13.000. Desse turutgiftene ordnar me innad på lina i ei eiga reisekasse. Summen betalar
du inn med 9.000 ved skulestart/når stipenda kjem og 4.000 etter jul.
Utgifter til heiskort i skibakkane er inkludert i skulepengane!!
Les mer om Hallingdal Folkehøgskole
Se flere kurs fra Hallingdal Folkehøgskole (5)
Påmeldingsskjema Kontakt oss