Er du spesielt interessert i datamaskinar, programvare og internett? [+]
Har du lyst på meir kunnskap, inspirasjon og ferdigheitar? Utvikle gode og kreative websider, grafikk, 3D og mye anna?
Eit år på data- og internettlinja er nyttig for deg som planlegg ei yrkeskarriere innan data. Det er også nyttig for deg som vil bruke datamaskinen som ei fritidssyssel. Data- og internettlinja gir deg nemleg tid til spesialisering, samtidig som vi går i breidda. Gjennom året blir du kjend med ulike standardprogramvarer, LAN, maskinvare, operativsystem, språk og metodar. Alt som trengst for å utvikle web-sider, spel og liknande. Elevane brukar sine eigne datamaskinar.
Data- og internettlinja Data- og internettlinja er eit allsidig og kreativt tilbod med grunnleggjande opplæring in-nan data, programvare og utvikling av gode websider. Her lærer du mellom anna om digi-talbildebehandling, lyd, videoredigering, flash, animering, html, PHP. Du vil også jobbe ein del med programmering og 3D teikning, samt sjølvvalde tema og fordjupingar. Vi brukar dei mest vanlege verktøy for data i privat - og arbeidsliv. Klasserommet er samla i eit felles 100Mb-nettverk. Skulen har breiband og klasserommet vårt er utstyr med videokanon, scanner, digital kamera/video, skrivarar med meir. Elevane tar med seg sin eigen datamaskin og bruker den i studia. Mange bygger om på eigen datamaskin når dei kjem til skulen.
Målet er at du etter eit år på Voss FHS skal ha testa ut nye og kreative måtar å bruke datamaskinen på. Slik får du eit godt grunnlag for å bruke verktøya/programma vidare i utdanning, jobb eller fritid.
UndervisningaNokon er sterke på det grafiske, nokre på koding og andre på innhald. Moderne webut-vikling er difor ofte basert på at ein jobbar i team. Det skal vi også gjere. Slik lærer vi best – og får det kjekt saman.
Ulike kunnskapsnivåHovedutfordinga vår er at elevane er på svært ulike kunnskapsnivå. Difor er behovet ulikt frå tema til tema, frå elev til elev. Noen kan mykje frå før mens andre er nybegynnarar. Dei som kan mykje om eit tema ønsker gjerne å utvikle denne kunnskapen, kan hende med meir fokus på det faglege. Vi gjer alt vi kan for å følgje opp dei individuelle behova på best mulig måte.
InndelingOmlag halvparten av undervisninga er felles for heile klassa. Her går vi gjennom tema som er nye for alle. Omlag ein fjerdedel av tida brukast på tema du kanskje mestrar frå før. Da kan du i tilfelle velje å bruke denne tida på eigne prosjekt. Den siste fjerdedelen er sett av til eigne eller felles prosjekt innafor tema de finn mest interessant. Samarbeid med Film- og fotolinja eller Musikklinja er også mogeleg her. På same måte som på dei andre linjene, kan elevane bruke lokala og utstyret så mykje dei vil på fritida.
TemaFør jul vil vi ha ein klar struktur. Etter jul kjem tema som kan stå meir aleine. I starten set vi oss inn i html, bildebehandlingsprogram og teikneprogram. Neste steg er mellom anna Dreamweaver, PHP, Flash og animeringer. Vi brukar grunnleggjande programmering i Visual Basic eller Flash og greie program for å teikne i 3D. Dessutan er vi innom tema som Windows, Linuxs, OSX, nettverk / LAN, kontor-programmer, modding av spel, re-digering av musikk, lyd og video samt bygging av maskinar. I og med at spelindustrien har blitt større enn filmindustrien i omsetning, vil vi dessutan jobbe ein del med gaming og modifisering av spel. Er dette ting du allerede kan mykje om, får du god tid til å jobbe deg vidare inn i dei ulike tema.
BigBenStudieturDet har blitt ein tradisjon at klassen reiser til utlandet, for eksempel London, for å sjå på datamaskinen som kreativt verktøy. [-]
Les mer