Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Dette kurset har ingen fremtidige kursdato(er) oppført. Bruk skjemaet for å kontakte kursholderen for mer informasjon.
Det er fleire kurs å velje mellom i 2022.
Her kjem nokre forslag.
Fyll ut skjemaet og vi sender deg informasjon.
Kursa foregår på dagtid.
Biletvev: 6 dagar, 27.6-3.7
Brikkevev, bunadsband frå Telemark: 3 dagar, 29.9-2.10
Brikkevev i vevstol: 3 dagar, 27.-30.10
Bunadsband frå Vest-Telemark: 3 dagar, 27.-30.10
Vev, kom deg vidare: 6 dagar, 18.-24.7
Vev, kom i gang - veke 27: 6 dagar, 4.-10.7
Vev, kom i gang - veke 28: 6 dagar, 11.-17.7
Veving med frie mønstringer, historiske teknikker: 6 dagar, 25.-31.7
For meir informasjon om kursa og påmelding: Kurs - Raulandsakademiet (visitrauland.com)
Raulandsakademiet ligg på Rauland i Telemark fylke, ca. 700 meter over havet og i kanten av Hardangervidda. Du kan bestille overnatting og mat på Raulandsakademiet når du går på kurs. Vi har ca. 100 senger og har ope heile året. På Raulandsakademiet kan du ta høgare utdanning i folkemusikk, tekstil, tre og metall, bachelor-og masterutdanning. Institutt for tradisjonskunst, universitetet i Sørøst Norge, https://www.usn.no/usn/no/sok/?q=studiested+rauland
Du treng ingen særskilde forkunnskaper for å bli med på kurs. Kursa er opne for nybyrjarar og dei som har ein del erfaring med emnet frå før.
Dei fleste kursa varer 6 dagar og går på dagtid. Det blir arrangert kurs om sommaren og om hausten. Undervisning kl. 08-16. Verkstadene er opne til kl. 22 om kvelden, slik at du kan nytte dagane fullt ut.
Du får ingen studiepoeng på desse kursa. Men du får mykje lærdom frå erfarne instruktørar, du blir kjend med andre som er interessert i det same som deg, du får oppleve gleda ved å lære noko nytt og du får oppleve gleda ved å gjera noko med hendene/drive med handverk. I tillegg får du besøke dei andre kursa som går samstundes, museumsbesøk om ettermiddagen og foredrag om kvelden. Det er alltid hyggeleg å ta kurs på Raulandsakademiet. Er du på utkikk etter studier på høgskulenivå? Sjekk ut Universitetet i Sørøst-Norge, Studiestad Rauland, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. Her er undervisning i tre, tekstil, metall og folkemusikk: https://www.usn.no/usn/no/sok/?q=studiested+rauland
Kursa på Raulandsakademiet er opne for alle over 14 år og blir arrangert i samarbeid med Rauland Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Se flere kurs fra Raulandsakademiet (4)
75 Kurs i Håndtverkskurs - fagbrev
Påmeldingsskjema Kontakt oss