Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Dette kurset har ingen fremtidige kursdato(er) oppført. Bruk skjemaet for å kontakte kursholderen for mer informasjon.
Det er fleire kurs å velje mellom i 2022.
Her kjem nokre forslag.
Fyll ut skjemaet og vi sender deg informasjon.
Kursa foregår på dagtid.
Frå skog til stol: 6 dagar, 27.6-3.7
Lafting med rundtømmer: 2 veker, 27.6-10.7
Pilfletting: 6 dagar, 27.6-3.7
Snekkarkurs for ferskingar - veke 28: 6 dagar, 11.-17.7
Snekkarkurs for ferskingar - veke 29: 6 dagar, 18.-24.7
Spikking av ølhøner: 6 dagar, 25.-31.7
Skjering av trykkblokker: 3 dagar, 11.-14.7
Staskniv til bunad - veke 26: 6 dagar, 27.6-3.7
Staskniv til bunad - veke 27: 6 dagar, 4.-10.7
Sveiping: 6 dagar, 4.-10.7
Tradisjonell korgfletting i splitta materiale: 3 dagar, 27.-30.10
Treskjering, dragestil: 6 dagar, 25.-31.7
Tægerbinding: 6 dagar, 11.-17.7
For meir informasjon om kursa og påmelding: Kurs - Raulandsakademiet (visitrauland.com)
Raulandsakademiet ligg på Rauland i Telemark fylke, ca. 700 meter over havet og i kanten av Hardangervidda. Du kan bestille overnatting og mat på Raulandsakademiet når du går på kurs. Vi har ca. 100 senger og har ope heile året. På Raulandsakademiet kan du ta høgare utdanning i folkemusikk, tekstil, tre og metall, bachelor-og masterutdanning ved Institutt for tradisjonskunst, Universitetet i Sør-Øst Norge. Les meir her: https://www.usn.no/usn/no/sok/?q=studiested+rauland
Du treng ingen særskilde forkunnskaper for å bli med på kurs. Kursa er opne for nybyrjarar og dei som har ein del erfaring med emnet frå før.
Dei fleste kursa varer 6 dagar og går på dagtid. Det blir arrangert kurs om sommaren og om hausten. Undervisning kl. 08-16. Verkstadene er opne til kl. 22 om kvelden, slik at du kan nytte dagane fullt ut.
Du får ingen studiepoeng på desse kursa. Men du får mykje lærdom frå erfarne instruktørar, du blir kjend med andre som er interessert i det same som deg, du får oppleve gleda ved å lære noko nytt og du får oppleve gleda ved å gjera noko med hendene/drive med handverk. I tillegg får du besøke dei andre kursa som går samstundes, museumsbesøk om ettermiddagen og foredrag om kvelden. Det er alltid hyggeleg å vera på Raulandsakademiet. Dersom du ynskjer høgare utdanning innan faga handverk eller folkemusikk, les meir her: https://www.usn.no/usn/no/sok/?q=studiested+rauland
Kursa på Raulandsakademiet er opne for alle over 14 år og blir arrangert i samarbeid med Rauland Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Se flere kurs fra Raulandsakademiet (4)
Påmeldingsskjema Kontakt oss