For deg som vil prøve alt
[+]
Nokre gongar er det vanskeleg å velje. Her er tilbodet for deg som ikkje vil velje, for deg som vil prøve litt av alt, for deg som ønskjer eit mest mogleg aktivt år.
Hald pusten no: Du skal segle, klatre i fjell, klatre i is, surfe, kite, gå på bre, padle kajakk, padle kano, stå på ski, liggje i telt, brenne bål og lære deg kart og kompass.
Fest setebeltet. Dette året vil flyge.
Du kan sjå fram til meir: Jostedalsbreen på langs, skikøyring på Strandafjellet, surfing ved Stad, brekurs, skredlære og segling i gamle Nordfjordbåtar.
Segling. Klatring. Bre. Surfing. Havkajakk. Elvekjajakk. Kano. Isklatring. Skikøyring. Telt. Bålkjele. Kart og kompass. Vi berre nemne det
Aktivitetslinja er ei allsidig og variert linje som femner om mykje, frå rolege dagar i gapahuk eller kano, til utfordringar med fossestryk, bratte skrentar og laussnø.
Haust, vinter og vår får du smakebitar på det meste av det Vestlandsnaturen kan by på. Gjennom dei ulike aktivitetane kjem du til å lære deg basiskunnskapar som naturkjennskap, orientering, leirliv.
Haust og vårVi skal ro og segle dei gamle nordfjordbåtane, padle havkajakk og prøve bølgjesurfing på Stadt. Vi skal padle kano på stille vatn og i elv, og teste kajakken i elvestryk. Vi vil ferdast mykje i Vestlandsfjella, i skulen sitt nærområde, og nytte breane til eit innføringskurs i brevandring. Der lærer vi bruk av stegjarn og isøks, sikring i is og redning på bre.
Eit innføringskurs i klatring vert det òg. Der vil du mellom anna lære bruk av klatreutstyr, sikring, rappell, rigging av topptau og enkel leiing.
Magnus i luftig svev på Sunnmøre220VinteraktivitetarNår vinteren og snøen kjem, vil det meste av aktiviteten føregå på ski. Tidleg i sesongen kjem vi til å ha kurs i både telemark, skileik og skredlære. Her kjem vi til å gå grundig inn på snøkjennskap, skredvurdering og kameratberging ved skred.
Vinteren nyttar vi òg til å dra på skiturar på fjellet. Nokre turar er dagsturar til toppar i nærområdet, og på nokre turar kjem vi til å overnatte i telt, snøhole og på hytte. Desse turane varer frå to til fem dagar.
Litt seinare utpå vinteren kjem vi til å dra til laussnøeldoradoet Stranda for å boltre oss utanfor preparerte løyper.
I tillegg kjem vi til å prøve isklatring i fossar og kiting med ski på beina.
På våren vert det høve til å gå den klassiske skituren Jostedalsbreen på langs
Ca 50 turdøgn og 25 dagsturar [-]
Les mer